av fwdjuvik | 5. mars, 2010  

Strategiplanen frå Helse Førde: Lite håp og mykje tru

I dagane før det “store helsemøtet” i Førde har det vore mykje spekulasjonar på kva som ville komme. Eg har høyrt dei som har sagt at -”No vil Helseministeren skjere gjennom, å definere helsetilbodet i Sogn og Fjordane”, andre igjen har hevda at -”No vert det kutta ved sentralsjukehuset, det var difor Mowatt trakk seg”, så har vi sjølvsagt dei som har sagt at -”Strategiplanen vil leggje sjukehusdebatten død”.

Etter å ha delteke på møtet i dag, så klarer eg ikkje heilt å sjå at vi har komne så mykje lenger, enn det vi var igår. Ja visst har Styreleiar, Clara Øberg (AP), lagt fram eit strategidokument som har fått ros frå både Helseministeren og andre, men ho har og fått ein del ordførarar og aksjonistar til å kvesse sablane.

For meg er det vanskeleg å sei noko konkret om det som vart lagt fram, fordi det eigentleg skapte meir spørsmål enn svar. Dette kan sjølvsagt endre seg når eg ser heile dokumentet på mandag, men utifrå det som vart presentert er det tre store problemstillingar med det som styringsgruppa i Helse Førde tilrår:

Samhandlingsreforma vert trekt fram som grunnlaget for heile strategien. Til liks med den måten regjeringa i fleire år no har unnvike å svare på kritiske spørsmål om Helse, bruker også no Helse Førde Samhandlingsreforma som den einaste saliggjerande medisinen på alt som er gale i helsevesenet. Problemet med Samhandlingsreforma er at ho ikkje er vedteken. Samhandlingsreforma (Stortingsmelding 47) er ikkje kommen lenger enn til komitébehandling i Stortinget. Og det er ingen som veit kva som til sjuande og sist vert resultatet. Korleis kan ein bruke dette som underlag for den største omstruktureringa i spesialisthelsetenesta i fylket nokonsinne?

Kommunane vert trekt fram som ein viktig faktor for å bidra i dei såkalla “lokalmedisinske sentra”. Og med denne modellen legg styreleiaren til grunn at Helseføretaket skal kunne drive med eit forsvarleg økonomisk resultat. Problemet er at Stortingsmelding 47 legg opp at 20% av dei økonomiske midlane skal overførast til kommunane frå nettopp helseføretaka. Korleis går då reknestykket opp? Ein kan ikkje sei at Helse Førde skal spare 230 årsverk, og desse skal igjen ansettast i kommunane, når ein faktisk snakkar om den same pengesekken. Trur Helse Førde at kommunane har økonomi til å ansette desse personane av dagens frie midlar?

Ambulansetenesta vart trekt fram som viktig i alle modellane, og det vart gjort klart at dagens ambulanseteneste skal vidareførast. Korleis harmonerer dette med at ein legg ned akuttberedskapen på to sjukehus, og det næraste tilbodet for dei fleste i fylket vert i Førde? Hvis ein skal oppretthalde tryggleiken for innbyggjarar i Sogn og Fjordane så må dei ha ei mykje større og betre ambulanseteneste. Kor mykje vil dette koste?

Det kan tyde på at ting ikkje er fullstendig gjennomtenkte i Helse Førde-systemet, og det er også åpenbart at folk no kryp i skyttargravene. Eg trur heller ikkje folk i Førde skal føle seg for trygge. Styreleiaren gjorde det klinkande klart at ein må sjå på organiseringa også på sentralsjukehuset, og eg beit meg merke i at Statsråden hoppa over “sentralsjukehus” i si oppramsing av helsetenestene. Ho sa at “Folk skal ha eit tilbod enten i kommunane, på eit lokalsjukehus eller på eit universitetssjukehus”. Var det bevisst at ho sa det?

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Godt sagt FW. Skal lokalsjukehusa på Eid og i lærdal forsvinne og vi berre skal ha den ambulansetenesta som er i dag, vil det nok lønne seg stort å starte eige gravferdsbyrå.
Faktum er at vi i dag slit stort med å bemanne dei ambulansane som vi alt har med kompetente folk. Så det er ikkje berre berre å utvide denne flåten. Det hjelper ikkje å ha mange ambulansar dersom dei ikkje er kompetent bemanna.
Så til lokalsjukehus delen. Helseministeren snakkar ofte og varmt om at lokalsjukehusa ikkje skal leggast ned, men få anna innehald. Ho kan likevel ikkje konkretisere kva eit lokalsjukehus skal innehalde. Det burde vere eit ar dei første stega regjeringa tok fatt i. Då ville mykje av uvissa forsvinne.
Til slutt ein kommentar frå nyheitene i dag. Oljefondet har aldri gått med større inntekt enn no, og i neste åndedrag, helse Førde vil legge ned to lokalsjukehus. Snakk om å få ein på trynet.
Så eg håpar at statsråden hadde ei meining med utalatelsen av ordet sentralsjukehus.

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

Stå på !

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

No må’kje vi forhaste oss med kommentarar folkens .
Dette utkastet er kunn eit høyringsdokument,som no skal granskast og sikkert opp i alle kommunestyrer ( skal jaffal det her ) Og når alle synspunkt er attende i Helse Førde byrjar den VIRKELIGE jobben med å lage strategi dokumentet :)
Blir nok eit bra rådsmøte og vonar mange kjem frå heile fjøla, slik at vi får ei god breidde med synspunkt og ein god dialog .

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

スターの足に対応していない愛は赤いハイヒールですTory Burch 靴。リトルブラックドレスのような赤底の靴があるためCHANEL 靴、すべての女性の夢となり、アイテムを持っている必要があります。当事者かどうかを買い物に行くトリーバーチ シューズ。あなたは現場に赤底の靴を見ることができますトリーバーチ 靴。ハイヒールを身に着けている女性が、セクシーになる方法は関係ありません。
トリーバーチ財布,トリーバーチバッグ,トリーバーチ ヒール シューズ,UGG 店舗,UGG クラシックミニ,UGG JIMMY CHOO ブーツ

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

Kategorier

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00