av fwdjuvik | 3. mars, 2010  

Best for Helse Førde om Bolstad går av!

Dei siste dagane har det vore eit voldsomt kjør mot Administrerande Direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, sin leiarstil. I sak etter sak har fleire medier, etter alle kunstens reglar, teikna eit bilde av Bolstad som ein manipulerande despot utan empati eller medmenneskelighet overhodet.

Eg kan ikkje verken bekrefte eller avkrefte korleis Bolstad sin leiarstil er. Eg kan ikkje kalle verken tillitsvalgte, legar, politikarar, styreleiar, Bolstad sjølv, eller kjøkkensjefen for løgnarar. Ofte vil det i slike saker være auge som ser, og korleis kvar enkelt oppfattar den enkelte situasjonen som vert avgjerande i korleis inntrykk som festar seg. Så på den måten kan det være at alle har rett, og alle har feil.

Men for meg er det eit heilt anna spørsmål, enn om kven som har rett om Bolstad sin leiarstil, som no er avgjerande. Og det er Bolstad sin tillit i Helse Førde? Eg tenkjer då ikkje på tilliten frå styret eller leiargruppa i føretaket, men eg tenkjer på tilliten hos dei ansatte.

Helse Førde er igang med det største strategiske arbeidet, kanskje sidan føretaket vart oppretta. Dette arbeidet skal resultere i ein Strategiplan som skal danne grunnlaget for korleis føretaket skal organiserast og driftast på ein best mogeleg måte i åra som kjem. Denne Strategiplanen vil være avgjerande for korleis helsetilbod vi som innbyggjarar vil ha i Sogn og Fjordane i framtida.

Når denne planen er ferdig, då er det Administrerande Direktør som er ansvarleg for å iverksette dei tiltaka som vert vedteken. Den er hans oppgåve å få heile den store organisasjonen med seg på å dra lasset i ei retning, og klare å motivere både leiarar og ansette til å gjere ein best mogeleg jobb i dei tunge taka som kjem. For det er vel ingen som trur at Strategiplanen som vert vedteken vert ein dans på roser å gjennomføre. For at dette skal kunne gjennomførast må det forankrast over heile organisasjonen, og ikkje berre være eit politisk vedtak som er fatta på papiret.

Eg har som sagt inga erfaring med Bolstad sin leiarstil, men eg opplever gjennom media at det er svært delte meiningar om den. Og ein opplever også at mange uttrykjer direkte mistillit mot Bolstad. Slik eg ser det vil det ikkje være mogeleg for Bolstad å klare å samle føretaket om å gjennomføre ein strategiplan. Bolstad har rett og slett ikkje den breide støtta som ein Administrerande Direktør i ein slik prosess er avhengig av. Ein kan ikkje forvente at alle ansatte skal være 100% einige i strategiane som skal gjennomførast, men det er heilt avgjerande at dei tilsette har 100% tillit til dei som skal lede dei gjennom prosessane, og at dei har tillit til at det vert gjennomført på ein god måte.

Dette handler nok om meir enn berre ein mann. Det er viktig at folk vert behandla på ein ryddig måte, og eg kan ikkje sei om kritikken mot Bolstad er berettiga eller ikkje. Men for Helse Førde sin del, og då også for helsetilbodet i Sogn og Fjordane sin del, så er det nok best om Bolstad trekkjer seg frå stillinga. Eg kan ikkje verken sei opp Bolstad eller instruere styret om å gjere det, men slik situasjonen er, så burde Bolstad sjølv sjå at det beste han kan gjere for Helse Førde no, er å sei opp jobben sin.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Har Frp eit grunnlag for si meining i saka?
Frp / Djupvik kan verken ”bekrefte eller avkrefte korleis Bolstad sin leiarstil er” og ” kan ikkje sei om kritikken mot Bolstad er berettiga eller ikkje.

Men Frp / Djupvik meinar Bolstad må gå fordi nokre tilsette ved Helse Førde (HF) med god hjelp av dei små menneska som kallar seg journalistar og leikar seg med ord og personleg hets i leikestova Nrk S og Fj målretta har arbeidt for at Bolstad må gå. Nrk har høve til å drive evigvarande negative kampanje mot personar dei har bestemt seg for å knekke. Denne gangen mot Bolstad, mot Sanden i førre runde og runda før der mot personar rundt Tall Ships Races.

Desse knøttsmå menneska som ser seg sjølv som gigantar har diverre tilgang til leikegrinda Nrk S og Fj. der dei heilt medvite skapar vinnarar og taparar slik dei vil det skal vere ut frå sine private interesser. Når standarden på produktet frå Nrk er så låg som denne saka viser bør sjølv Frp krevje objektiv dekning framfor å støtte rein sjikanejournalistikk.
Nrk målber kritikk frå nokre tilsette ved HF til eit slikt nivå at nemningar og framferd som despot, fryktkultur, ikkje tek tilsette på alvor, tilsette er sjikanert, drive tilsette til sjølvmord, tvinga til lovbrot, munnkorgstalinisme samt sovjetregime og terrorvelde m.m. blir brukt om personen Bolstad for å få fjerna Bolstad som administrerande direktør.
Er det verkeleg slik at Bolstad som sjef for fleire tusen tilsette, har slik omgang og leiarstil til tilsette som omtalt. Er han blitt slik etter at han kom til HF ?
Dei tilsette ved Helse Førde er intelligente folk. Dei tilhøyrer den del av befolkninga som skil seg ut ved å vere blant dei mest intelligente. Dei er mellom anna blitt legar fordi dei er intelligente. Slike tilsette, i samla gruppe, let seg kort og godt ikkje herse med til eit slikt nivå som er kome fram i media, av ein enkelt person. Når Bolstad veit kva ressurspersonar dei tilsette utgjer, ser det ut som, for fleire enn meg, at den leiarstilen som er omtalt ikkje kan ha eksistert. Av denne grunn kan ein trygt sei at saka er eineståande som eksempel på einsidig journalistikk. Eit anna moment er at Bolstad må ha vore nærmast full tids engasjert med å plage dei tilsette ut frå det omfang saka har fått av Nrk.

Når distriktsredaktør Rolf Sanne Gundersen avviser det einsidige, jf. http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.7022057
så skal ein i ei sjølvstendig vurdering av om dette verkeleg ikkje er eit eineståande eksempel på einsidig journalistikk, vere klar over at han ser seg sjølv som ein sopass stor aktør i sjukehusstriden at han finn grunn til å halde fram seg sjølv som stor aktør i sjukehusstriden, jf. http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.6904646
Når aktørane i leikegrinda Nrk har slikt syn på seg sjølv kan det fort bli veldig øydeleggande å bli gjenstand for deira merksemd.

Deltakarane i leikegrinda Nrk S og Fj. skjønar ikkje kva rolle / mandat Bolstad har som adm. dir. i HF og kva styret i HF sin funksjon er. Hadde dei skjøna det måtte innhaldet i oppslaga blitt vesentleg annleis. Men det er jo ikkje første gang media lagar reportasjar på falskt grunnlag.

Frp har fått spalteplass / omtale i Nrk fordi Frp støtter Nrk – synet om at Bolstad må gå! Frp overlet med det til Nrk / media å avgjere saker og er ved det i ferd med å avvikle sitt politisk arbeid ettersom Nrk har tatt over styre og stell i fylket.

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

Min reaksjon på Djupvik sitt syn i denne artikkel er fjerna.
Min artikkel kan lesast på Veggavisen i Origo http://veggavisen.origo.no/-/local_paper/show/48_veggavisen

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

Til det siste først: Eg har ikkje fjerna noko innlegg! Eg hadde berre ikkje sett mailen om godkjenning før etter du hadde lagt inn post nummer to.

Til saka: Eg kan være einig i at NRK m/ fleire har kjøyrt eit einsidig kjør mot Bolstad. Det er også eit ordtak som heiter: Ingen røyk utan eld. Eg trur ikkje alt er så gale som det vert framstillt, men eg trur det ligg ei viss sanning i det som kjem fram.

Eg kjenner ikkje Bolstad, men eg kjenner ein god del som jobbar i Helse Førde. Mitt poeng er at den strategiprossesen føretaket no skal inn i, kan ikkje leiast av ein mann som ikkje har 100% tillit blant dei ansatte. Dei ansatte må gjerne være ueinig med Bolstad og omvendt i saker, men dei må være trygg på at sakene og prosessane vert gjennomførd på ein god og ryddig måte.

Den tilliten er ikkje til stades hos altfor mange av dei tilsette, og då er det faktisk berre ein konsekvens: Nokon andre må gjere det!

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

Saka er at tilsette i HF har eit arbeidsreglement å halde seg til.
Dette reglementet har dei godtatt som ein del av ei tilsettingsavtale. Bolstad skal handsame dei tilsette etter dette reglementet og det er ein del av hans arbeid som sjef. Som røynd politikar bør dette vere ditt utgangspunkt i tillegg til at personalsaker stort sett skal etter avtala / er / blir haldne internt i bedrifta. Bolstad kan då ikkje bryte dette reglementet ved å ta til motmæle på annan måte enn det han har gjort.

Eg saknar ei referanse til brot på arbeidsreglementet som Bolstad har gjort seg skuldig i. Ein finn ikkje slikt brot referert i slarvet frå Nrk og dei kan ikkje kjenne til at det eksisterer eit arbeidsreglement slik journalistikken i saka har utarta seg. Med andre ord er det berre ondsinna og småleg forsøk på å få fjerna Bolstad frå stillinga som adm.dir. i HF.

Fri meg og alle andre frå at smålegheitene ved Nrk S. og Fj. skal få sette dagsorden i samfunnet.

Kor trur Djuvik han finn nokon som kan få 100% tillit blant tilsette i denne prosessen som her går føre seg?

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

スターの足に対応していない愛は赤いハイヒールですTory Burch 靴。リトルブラックドレスのような赤底の靴があるためCHANEL 靴、すべての女性の夢となり、アイテムを持っている必要があります。当事者かどうかを買い物に行くトリーバーチ シューズ。あなたは現場に赤底の靴を見ることができますトリーバーチ 靴。ハイヒールを身に着けている女性が、セクシーになる方法は関係ありません。
トリーバーチ財布,トリーバーチバッグ,トリーバーチ ヒール シューズ,UGG 店舗,UGG クラシックミニ,UGG JIMMY CHOO ブーツ

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

Kategorier

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00