av fwdjuvik | 9. februar, 2010  

Legehjelp til kriminelle

Dei siste vekene har det vore ein del debatt om kriminelle sine rettar til velferdsgoder. Spesielt oppsiktsvekkande var det vel at FrP gjekk ut og sa at vi vil nekte ulovlege innvandrarar anna legehjelp enn akutthjelp, og ville innføre medleplikt for Kirkens Bymisjon og andre som yter bistand til desse innvandrarane.

Det er klart at ein kan diskutere dei humanitære og menneskelege sidene ved at organisasjonar gjer denne typen bistand, men dette blir då ein relativt snever debatt. For det vi må sjå på, er dei store konsekvensane som enkeltpolitiske vedtak, faktisk har for heile samfunnet vårt. Skal vi ha system som slår ihjel andre deler av samfunnssystemet vårt?

Stortinget, Norges øverste organ, har bestemt korleis asyl og innvandringspolitikken i Norge skal være. Det betyr at folk som vert definert som “ulovlege innvandrarar”, er personar som ikkje har oppfyllt kravet til lovleg opphold, og allikevel vel å bli værande. I lovens forstand er dette kriminelle personar, som bryt norsk lov. Og ikkje kom med dårlege arrgument om at desse vel å bli i Norge på grunn av frykt for vold eller død, for systemet har vurdert alle sider av deira situasjon, og kommt til at dei ikkje har eit beskyttelsesbehov.

Når vi no har konstatert at desse er kriminelle, så kjem spørsmålet: Har vi ikkje alle ei plikt til å sikre at kriminelle vert teke hand om av styresmaktene? Om det er ved å sette dei i fengsel, eller sende dei ut av landet, så går det for det same. Dei har ikkje rett til å ferdast fritt i det norske samfunn. Ville Kirkens Bymisjon gitt bistand og helsehjelp til voldtektsforbrytarar, mordarar, og andre kriminelle som var på flukt frå loven? Og ville dei gitt den hjelpa, utan at dei i tillegg hadde informert styresmaktene om desse kriminelle?

Vi likar å tru at vi har valfridom, i den vestlige verden. Hvis ein då tek eit val om å bli kriminell, må ein ikkje samtidig ta konsekvensen av det valet? Den dagen du vel å bryte lova, og velger å ikkje ta konsekvensen av det, men stikk av frå styresmaktene, den dagen må du og innsjå at du mister rettighetane dine, fram til du melder deg.

Hvis vi har system som sikrar at kriminelle kan ferdast fritt i samfunnet, og ta del i det same velferdssystemet som vi andre, som bidreg med å holde det oppe gjer, då vil systemet falle saman. Hvis det vert skapt eit bilde av Norge, som eit land der kriminelle og andre kan reise til, og få alle rettighter, då vil systemet falle saman.’

Framstegspartiet har primært andre løysingar på problemmet med illegale innvandrarar, men dei andre partia har stemt imot i alle år. Regjeringspartia har skapt problemet ved at dei i tillegg til å ha bortimot opne grenser, har uforholdsmessig lange behandlingstider for asylsøknader. Dette fører til at mange som har søknadane sine til behandling får oppholde seg i Norge i fleire år, før dei eventuelt før svar. Dette må det bli problem av.

Framstegspartiet vil ha 3 månaders behandlingstid for asylsøknader, og vi vil ikkje slippe folk inn i landet før søknaden er avklara. Då dei som får medhold i søknaden bli i landet, og dei som ikkje får opphald vert sendt ut. Hadde dette vært systemet, ville vi ikkje trengt å diskutere problemstillinga.

Når det politiske fleirtalet har vedtatt ei umenneskelig asyl og innvandringspolitikk, då må vi forholde oss til det, og komme med løysingar som kan redusere noko av det skadeomfanget denne politikken fører med seg. Vi må sjå på heile det norske samfunnssystemet når vi vedtek politikk, og det gjer FrP.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Er det virkelig slik at Frp seier nei til legehjelp til mennesker?

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

スターの足に対応していない愛は赤いハイヒールですTory Burch 靴。リトルブラックドレスのような赤底の靴があるためCHANEL 靴、すべての女性の夢となり、アイテムを持っている必要があります。当事者かどうかを買い物に行くトリーバーチ シューズ。あなたは現場に赤底の靴を見ることができますトリーバーチ 靴。ハイヒールを身に着けている女性が、セクシーになる方法は関係ありません。
トリーバーチ財布,トリーバーチバッグ,トリーバーチ ヒール シューズ,UGG 店舗,UGG クラシックミニ,UGG JIMMY CHOO ブーツ

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

Kategorier

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00