av fwdjuvik | 7. februar, 2010  

Skulestrukturen i Sogn og Fjordane

Etter fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane FrP framstilte media det som om at vi ville leggje ned fleire vidaregåande skular i fylket. Det er heilt greit at dei framstiller det slik, for på den måten får vi i gang ein viktig debatt i Sogn og Fjordane. Sanninga er at innan 8 år vil det være 25% færre elevar i den vidaregåande skulen i fylket, anten FrP vil eller ikkje.

På den bakgrunn har Sogn og Fjordane FrP sagt at det må komme ei brukarstyrt strukturendring av dei vidaregåande skulane. Det er ikkje slik at vi på død og liv vil legge ned skular, men det betyr at vi på død og liv vil oppretthalde kvaliteten i opplæringstilbodet for ungdommane i Sogn og Fjordane.

Det er klart at inngenting er svart/kvitt. Hvis vi får færre vidaregåande skular i Sogn og Fjordane, vil fleire måtte flytte på hybel. Og statistikkane viser at vi har meir frafall frå dei som bur på hybel, enn dei som bur heime. I tillegg vil næringsliv i enkelte kommunar kunne miste viktige arenaer for opplæring og rekruttering.

Vi må likevel ta inn over oss konsekvensen av nedgangen i elevtalet. Vi mister jo faktisk finansieringa for desse elevane. Då har politikarane 3 val. Det eine er å kutte innanfor andre deler av den fylkeskommunale drifta for å finansiere opprettholdelse av skulane. Den andre er å opprettholde alle skulane men kutte ut 25% av tilboda, lærekreftene og kostnadene på kvar skule. Og den tredje er å leggje ned skular for å opprettholde kvaliteten på dei som består.

Det første alternativet er svært usansynleg. Fylkeskommunen slit allereie med økonomien grunna overtakinga av dei øvrige riksvegane, og fylkespolitikarane har ikkje vist hverken evne eller vilje til å sjå på effektiviseringar i drifta til fylkeskommunen. Hvis ein skal frigjere midlar må nok det gjerast innanfor eksisterande ramme til skulane, og den veit vi vil verte kraftig redusert i åra som kjem.

Det andre alternativet vil sikre at fleire vil kunne bu heime. Problemet er at ein svekkjer det faglige miljøet på skulane, ved at ein må redusere kraftig i antal ansatte. Vi har allereie ganske små skular, og ei ytterlegare reduksjon vil føre til dårlegare kvalitet. Då hjelp det ikkje at elevane klarer å bestå vidaregåande, for då får elevane i Sogn og Fjordane dårlegare kvalitet på opplæringstilbodet sitt enn elevar i andre delar av landet.

Det tredje alternativet vil føre til at vi kan oppretthalde, og muligens styrke, opplæringstilbodet i fylket. Ein kan få større skulemiljø, som kan gje ein betre faglig bredde enn dagens ordning kan. I tillegg vil ikkje næringslivet i Sogn og Fjordane trenge å bekymre seg for at elevane skal være faglig svakare enn elevar frå andre delar av landet. Det viktigaste for næringslivet må vel være kompetent arbeidskraft, ikkje berre arbeidskraft.

Det er en lang veg før ein eventuelt gjer endringar i den vidaregåande opplæringa, og strukturen er ikkje det einaste vi må tenkje på. Også faglig knytting opp imot næringslivet er viktig å tenkje på.

Når vi så kjem dit at vi skal gjere noko med opplæringstilbodet, korleis skal vi då gjere det. Skal vi ha politiske drakampar, der dei lokalpolitiske hensyna frå ordførarane i fylkestinget veg tyngst? Eller skal vi ha ei strukturendring på elevane sine premissar?

Hvis vi innfører fritt skuleval i den vidaregåande opplæringa i Sogn og Fjordane, vil vi få ei naturleg endring, som er basert på elevane sine val og ynskje, og ikkje politikarane sine. Elevane bestemmer gjennom sine val kva for skular og linjer som skal bestå. Det vert likeins opp til skulane å tilpasse opplæringa og gjere seg sjølv attraktive for elevane, slik at dei vel akkurat den skulen.

Sogn og Fjordane FrP vil ha ein debatt om den vidaregåande opplæringa. I motsetnad til dei andre partia, som lukkar augene og ikkje vil sjå dei ubehagelige tinga før det vert tredd nedover hovudet på dei. Sogn og Fjordane FrP vil ta debatten om vidaregåande opplæring. Vi er ikkje redd for å ta ubehagelege diskusjonar, for vi er vald til å gjere det. Sogn og Fjordane FrP syner handlekraft!!

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

スターの足に対応していない愛は赤いハイヒールですTory Burch 靴。リトルブラックドレスのような赤底の靴があるためCHANEL 靴、すべての女性の夢となり、アイテムを持っている必要があります。当事者かどうかを買い物に行くトリーバーチ シューズ。あなたは現場に赤底の靴を見ることができますトリーバーチ 靴。ハイヒールを身に着けている女性が、セクシーになる方法は関係ありません。
トリーバーチ財布,トリーバーチバッグ,トリーバーチ ヒール シューズ,UGG 店舗,UGG クラシックミニ,UGG JIMMY CHOO ブーツ

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

Kategorier

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00