Då var Delfinale 2 i årets Melodi Grad Prix i Florø overstått, og det er vel ikkje anna å gjere enn å ta av seg hatten og bukke djupt for arrangørane, og ikkje minst dei eldsjelene som klarte å få dette til. For sjølv om florøværingane er flinke til å skape liv og røre og engasjement rundt diverse arrangement og “happenings”, så har eg aldri vore med på maken til folkefest i kystbyen, eller for så vidt andre stader i fylket.
Kritikarane av arrangementet, då spesielt Trude Brosvik (KRF) og Norvall Nøringseth (SV), har til dei grader vorte motbeviste på deira “sutring” om bruk av offentlege midlar på dette arrangementet, og ikkje minst effektane dette har for Flora og resten av fylket.
No skal eg ikkje påberope at FrP ikkje er skeptisk til ein del av måten fylkeskommunen sine kulturmidlar vert nytta på. Og svært ofte er det akkurat FrP som står åleine om å stemme imot diverse bevilgningar til kulturinstitusjonar, arrangement, filmar, kunstnarar og oppslagsverk. Men i dette tilfellet brukte vi ikkje mange sekundane på å bestemme oss for at dette var ei riktig satsing.
Fylkeskommunen skal i perioden 2011-2014 bruke nærare 350 millionar kroner på drift og investeringar innan kultursektoren. Og det å kritisere ei tilleggsløyving (vart ikkje teken frå kulturbudsjettet) på 900.000 til ein delfinale i MGP i Florø, vert totalt meiningslaust. For hvis ein ser på dei forskjellige tiltaka ein brukar desse midlane på, så ser ein fort at det ikkje er noko anna tiltaka som har truffe like mange, med like stort engasjement og tyngd, som nettopp MGP.
For det første har MGP lokal og “vorspiel-programmet” på sjølve MGP-kvelden førd til at ei rekkje unge musikktalent har fått vist seg fram til eit mykje større publikum enn dei kunne drømt om. Vi som var til stades fekk sjå eit mangfald og eit nivå på våre unge talent, som ihvertfall eg ikkje hadde trudd. I tillegg har nok denne opplevelsen gitt meirsmak, og bidrege til at mange av dei vil fortsette å utvikle sine musikalske talent i åra som kjem. Eg registrerte også at mange av dei unge tilskodarane, som ikkje deltok i årets arrangement, snakka om at dei ville begynne å drive med musikk fordi dei ville være med til neste år. Dette klarer vi ikkje å få til med 900.000 kroner på andre tiltak.
Det andre viktige poenget med MGP-satsinga, og som var veldig viktig for FrP då vi gjekk inn for dette, er kompetansen dette har gitt. Når vi ser på mengden av lokale personar, organisasjonar og bedrifter som har vore involvert på forskjellige måtar i avviklinga av heile opplegget, så er det ikkje tvil om at dette har gitt fylket mykje og viktig kompetanse og erfaring i korleis ein kan gjennomføre denne typen arrangement. Alt ifrå planlegging, forpleining, teknisk, praktisk, til organisering, logistikk og gjennomføring. Denne kompetansen vil være svært god å ha, no når TV-kameraene er avskrudd, og vi skal gjennomføre diverse arrangement som ikkje har like stor merksemd og gjennomføringsapparat.
Det tredje er marknadsføringseffekten dette har gitt. Ein kan heilt sikkert være einig i reklameguru, Ingebrigt Steen Jensen, sin analyse om at ingen vil reise til Florø som turist eller busette seg der, på grunn av dette arrangementet. Men det er ikkje tvil om at dette arrangementet har vore med å byggje opp under Florø og Sogn og Fjordane som merkevare. Det er ikkje mange i dette landet som ikkje har høyrt om Florø i løpet av veka som har gått, og kor utruleg det enn høyrest ut frå ein florøværing, så var eg nesten blitt litt lei av å høyre å lese om byen og arrangementet i alle TV- og radiokanaler samt dei fleste trykte og digitale medier. Men berre nesten!
Innslaga frå Florø og omegn i sendinga, publikum sitt overveldande engasjement, omtala i riksmedia, og ikkje minst beviset på at vi kan gjennomføre eit slikt arrangement i vårt fylke, er alle med på å byggje opp under merkevarene Sogn og Fjordane og Florø. Dette var ein reklameffekt vi berre har kunna drøyme om å klare å få til på andre måtar med 900.000 kroner.
Så atter ein gong vil eg gratulere arrangørane og eldsjelene som ga oss eit fantastisk show. Og eg vil også gratulere alle innbyggjarane i både Florø og resten av fylket med at vi fekk oppleve denne fantastiske folkefesten og godt gjennomførde arrangementet. Eg angrar ikkje eit sekund på at FrP var med på å bevilge 900.000 kroner til MGP delfinalen i Florø, og eg har ingen problem med å gjenta det til neste år.
